NÆRINGSKONFERANSEN
SØRE SUNNMØRE
ØRSTAHALLEN, 10.04.2025
Husk "Early Bird" pris t.o.m. 1. februar
Ekspertpanel på Næringskonferansen 2025

Innlegg og panelsamtale om norsk og internasjonal politikk, økonomi og juss
Vi har samla eit ekspertpanel med djup innsikt i norsk og internasjonal politikk, økonomi og juss. På konferansen tek vi pulsen på situasjonen og ser nærare på kva konsekvensar dette kan få for næringslivet framover.
Sekvensen startar med innlegg frå dei fire ekspertane, før dei samlast til ein samtale leia av professor Ola Honningdal Grytten.

Ola Honningdal Grytten
Grytten er ein av Noregs fremste økonomiske historikarar og ein internasjonalt anerkjent ekspert på makroøkonomi, finanskriser og næringslivshistorie. Han har gjennom mange år vore spesialrådgivar for Norges Bank.
Gjennom si lange karriere, har han levert banebrytande forsking på historiske økonomiske data, nasjonal rekneskap og bustad- og finanskriser. Han har vore ei viktig stemme i samfunnsdebatten og er ofte brukt som ekspertkommentator i media. Med si unike evne til å kople historiske innsikter med dagens økonomiske utfordringar, gjev han verdifulle perspektiv på handelskrigar, marknadsuro og økonomiske rammevilkår for næringslivet.

Ketil Solvik-Olsen
Ketil Solvik-Olsen kjem til Næringskonferansen Søre Sunnmøre for å dele sine perspektiv på rammevilkåra for norsk næringsliv og korleis den globale utviklinga påverkar oss. Solvik-Olsen har budd fleire periodar i USA, sist under den amerikanske valkampen i 2024, der han har fått innsikt i politiske straumar og avgjerdsprosessar som kan påverke Noreg. Han er oppteken av dei stadig strengare reguleringar for det norske næringslivet har fått med auka skattebyrder som kan kvele gründerskap, omstilling og utvikling i næringslivet.

Jan Magne Langseth
Langseth er ein av Norges leiande ekspertar på EU- og konkurranserett, med omfattande erfaring frå både norske domstolar og EFTA- og EU-domstolen. Han er rangert blant dei fremste konkurranserettsadvokatane i landet og har handtert komplekse juridiske prosessar både nasjonalt og internasjonalt.
No skal han leie gruppesøksmålet mot Staten om formuesskatt på arbeidande kapital som er basert på ein samanliknande studie som meiner at skatten bryt med grunnleggande menneskerettar. Det er Lars Oscar Øvstegård som står i spissen for søksmålet som utfordrar staten mot skatten som dei meiner er både konfiskatorisk og diskriminerande.

Espen Remme
Vi er glade for å ønske Espen Remme velkommen som foredragshaldar på Næringskonferansen Søre Sunnmøre 2025. Med brei erfaring frå både privat og offentleg sektor og som tidlegare regiondirektør i NHO Møre og Romsdal, har han djup innsikt i næringspolitikk, bedriftsutvikling og eigarskapsstrukturar i Norge.
Som aksjonskoordinator for Aksjonen for Norsk Eierskap arbeider han aktivt for å sikre gode rammevilkår for norske private eigarar, som er avgjerande for å oppretthalde verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet.
Dagens programleiar:

Truls Svendsen
Truls Svendsen er ein meister i å spreie glede og underhaldning. Han er kjend for si unike evne til å kombinere humor, sjølvironi og rørande historier. Han har utforska både eigne og verdas grenser – frå å krysse Grønland på rekordlang tid, nesten klatre Aconcagua, til å lage mat med verdskjende kokkar – alltid med sin sjarme og humoristiske stil. SidanTV-debuten i 2005 har han blitt eit av Noregs mest folkekjære ansikt med program som Tjukken & Lillemor, Truls à la Hellstrøm og E6 – en reise i nordmenns hverdag. Han har vunne fleire Gullruten-prisar og hjarte over heile landet. På Næringskonferansen Søre Sunnmøre vil Truls leie programmet med snert og humor, og syte for at publikum får ei oppleving utanom det vanlege.
Foredragshaldarar Nkonferansen 2025

Anne Kath Hærland
Anne Kat Hærland har over 25 års erfaring som komikar, programleiar og forfattar, og har dei siste åra fordjupa seg i kunstig intelligens (AI). Ho kombinerer innsikt og humor i foredraget «May the source be with you», og har nyleg lansert soloframsyninga «Don't panic – En guide til kunstig intelligens». Anne Kat inspirerer bedrifter og næringsliv til å utforske moglegheitene med AI med eit glimt i auget.

Øyvind Sandbakk
Øyvind Sandbakk er sportsdirektør ved NorgesToppidrettsgymnas (NTG), professor II ved Universitetet i Tromsø og sjefredaktør for International Journal of Sports Physiology and Performance. Han har ein doktorgrad frå NTNU, der han leia Senter for toppidrettsforsking i 10 år. Med brei erfaring frå både akademia og internasjonal idrett deler han innsikt i korleis ein kan skape gode prestasjonsmiljø gjennom kunnskap, forsking og praksis.

Dane Cekov
Dane Cekov er seniorstrateg innan renter og valuta i SpareBank 1 Markets frå september 2024. Tidlegare har han jobba i Nordea Markets og Norges Bank, og har ein solid fagleg bakgrunn med ein master i finans frå Handelshøyskolen BI og ein bachelor i samfunnsøkonomi frå UiO. Han er særskilt oppteken av samanhengen mellom makroøkonomi, finansmarknader og sentralbankar, med fokus på renter, valuta, aksjemarknader og globale utviklingstrekk.
%20(002)_edited.jpg)
Roger Finjord
Roger Finjord er ein inspirerande foredragshaldar med bakgrunn som toppfotballtrenar. Han fokuserer på å bygge sterke team, skape inkluderande arbeidsmiljø og fremje ein leiarstil som motiverer og engasjerer. Gjennom praktiske råd og gripande historier deler han innsikt om kommunikasjon, samarbeid og kulturbygging. Finjord kombinerer humor og alvor for å gi deltakarane konkrete verkty og varige inntrykk.

John Hammersmark
John Hammersmark er ein erfaren leiar og foredragshaldar som inspirerer til refleksjon, bevisstheit og sjølvutvikling. Med 23 år i Forsvaret, inkludert teneste i spesialstyrkane og oppdrag i Afghanistan, har han brei erfaring med prestasjon på høgt nivå, samarbeid og meistring under press. Han kombinerer militær og sivil kompetanse for å lære bort korleis ein kan nå mål, skape trygge team og handtere endring. Gjennom foredrag som "Det kan alltid bli verre", deler han innsikt som kan hjelpe både individ og organisasjonar til å prestere betre og utvikle seg.

Truls Svendsen
Truls Svendsen har gleda TV-sjåarar i ei årrekkje. Sidan han slo gjennom på ei James Bond-premiere i eit innslag for Senkveld, har han reist både landet og verda rundt og skapt god stemning gjennom fleire TV-program. Ikkje minst mykje god mat og opplevingar saman med Eyvind Hellstrøm. Vi gleder oss til å høyre hans historie.
Program 2025
Registrering
Opning
Foredrag
Foredrag
Bama frukt- forfriskningar
Foredrag
Foredrag
Foredrag
Lunch servert av Ørsta VGS og Osdal Catering
Debatten
Pause
Foredrag
Foredrag
Foredrag
Slutt
Foredrag
Kveldsarrangement - Næringspub på TIK Cafè og Restaurant.
Takk til våre sponsorar
Hovedsponsor
Arrangør












